Heim   >   Nyhende   >   Stor vekst i Fjord Norge også i fjor

Reiselivsselskapet Fjord Norge hadde ein stor vekst også i fjor. Trolltunga er ein av dei største turistdestinasjonane på Vestlandet. Foto: Tore Meek/NTB scanpix/NPK.

Stor vekst i Fjord Norge også i fjor

Det er særleg talet på utanlandske gjestedøgn som auka. Her var veksten på heile 9,5 prosent, fortel Fjord Noreg i eit nyheitsbrev. Den norske marknaden auka til samanlikning med 7,7 prosent.

Fjord Norge fortel elles at veksten er jamt fordelt i alle vestlandsfylka. Rogaland toppar statistikken for hotellovernattingar, medan veksten på camping og hytter er størst i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, heiter det.

Reiselivsselskapet er elles spesielt glad for at regionen i fjor hadde ein vekst utanom i sommarsesongen, i månadane frå oktober til april, noko som lenge har vore eit mål både for reiselivsnæringa på Vestlandet og elles i landet. (©NPK)