Illustrasjonsfoto.

Stor snøskredfare i indre

Det er varlsa om stor snøskredfare på Vestlandet det komande dagane. For regionen indre Fjordane er det meldt fare på nivå 4 - stor snøskredfare.


Onsdag 1. april er nedgradert til oransje farenivå, men torsdag 2. april har fått raudt farenivå. For indre Sogn er farenivået satt til nivå 3 - oransje.

«Kraftig vindauke vil føre til vindtransport av snø inn i leheng. Skred kan verte utløyste både naturleg og av skiløparar. Unngå skredterreng», skriv Varsom-no på sine sider, og ver folk vere «forsiktig der det ligg fersk fokksnø i høgda. Stigande temperatur fører til midlertidig svekking av snødekket»

Varselet er gyldig frå 1. april.