Heim   >   Fylket   >   Stor snøskredfare i indre strøk av Vestlandet

Illustrasjonsfoto.

Stor snøskredfare i indre strøk av Vestlandet

Regn og varmare vêr fører til at snøskredfaren er stor i Indre Fjordane, Voss og Hardanger.

Det er sendt ut snøskredvarsel med raudt farenivå i varslingstenesta varsam.no.

Snøskredfaren aukar fordi temperaturen stig raskt, samtidig som det er meldt store mengder regn natt til torsdag.

Det er venta at det vil gå mange naturleg utløyste skred natt til torsdag og torsdag formiddag. Skredfaren vil deretter avta noko, men skredfaren vil halde fram også etter at den meste intense nedbøren er over. (©NPK)