Heim   >   Lokalt   >   Jølster   >   Stor frivillig innsats i leiteaksjonen

Leiteaksjonen etter den sakna mannen held fram. Mange frivillige deltek i overflatesøk

Stor frivillig innsats i leiteaksjonen

Laurdag føremiddag fortsette søket etter mannen i 50-åra som er anteken omkomen i Jølstravatnet. Lokale frivillige gjennomfører overflatesøk.

VG melder at brannvesenet bistår i søket, i tillegg til kring 30 båtar. Det blir gjort overflatesøk både i området raset gjekk, òg i retning Skei og Vassenden. Hovudområdet går kring raset og retning Vassenden. Der dette er mogeleg vert det gjennomført søk langs vasskanten.

– Ingen område skal vere udekka, opplyser Arve Dvergsdal i brannvesenet til VG.

Organisert søk startar opp att måndag, men leiteaktiviteten er stor på vatnet også i helga.