Borgund stavkyrkje i Lærdal kommune. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPK

Stor auke i besøkstalet for stavkyrkjer i Noreg




Over 500.000 personar besøkte dei 28 stavkyrkjene i Noreg i fjor, ein auke på 18 prosent frå 2016.





Stavkyrkjene blir saman med vikingskipa rekna som det
viktigaste bidraget vårt til verdskulturarv, påpeikar
Arbeidsgivarorganisasjon for kyrkjelege verksemder (KA), som gleder seg
over tala, som viser betalande gjester, både norske og utanlandske.





– Det er grunn til å glede seg over tala, som vitnar
om ei betydeleg interesse for å besøkje desse unike kyrkjene, seier
seniorrådgivar Cathrine Lillo-Stenberg i KA i ei pressemelding.
Sterke tal





Gol stavkyrkje, Garmo stavkyrkje og Haltdalen stavkyrkje hadde til saman 300.000 av dei besøkjande. Alle står i dag på museum.





Urnes stavkyrkje, som sannsynlegvis stod ferdig
mellom 1130 og 1140, hadde drygt 20.000 besøkjande. Kyrkja vart eitt av
dei to første norske kulturminna på UNESCOs verdsarvliste, saman med
Bryggen i Bergen.
Potensial





Men ikkje alle stavkyrkjer har gode besøkstal. Dei fem
stavkyrkjene i Valdres fekk samanlagt besøk av berre 4.272 personar i
2018.





– Her og fleire andre stader er det potensial for mykje høgare besøk, seier Lillo-Stenberg.





Stavkyrkjene er nokre av dei eldste byggverka i
Noreg. Fortidsminneforeininga, som vart stifta i 1844, og som i dag eig
fleire stavkyrkjer, har redda både stavkyrkjer og steinkyrkjer frå å bli
jamna med jorda. Ei av dei er Gol stavkyrkje, som i 134 år har stått
rak og stødig på Norsk Folkemuseum i Oslo.