Irene Uwamahoro og Yvonne Nshimirimana er glade for å bli spurde om å delta i TV-aksjonen. I fjor var dei assistentar. I år er dei ekspertar.

- Stolte over å vere ein del av TV-aksjonen

- Vi kjende ikkje til TV-aksjonen, men svara ja med éin gong vi vart spurde. Vi blir så glade når nordmenn vil ha oss med på laget, seier dei to kvinnene. Søndag 20. oktober er den store dagen der heile landet bidreg i det som blir kalla verdas største dugnad

Irene Uwamahoro og Yvonne Nshimirimana kjem frå Rwanda og Burundi, og har budd i Noreg i over ti år. Likevel visste dei ikkje kva TV-aksjonen var før fylkesaksjonsleiar Oddrun Midtbø i Sogn og Fjordane  inviterte dei med og forklarte kva det dreia seg om. Begge likte idéen å hjelpe folk som har det vanskeleg – anten det er i Noreg eller i andre land.

Innvandrarar vil engasjere seg

I 2018 handla det om utanforskap og innsamlinga gjekk til Kirkens Bymisjon. Irene vart invitert inn i fylkesaksjonskomiteen, og Yvonne utførte ulike førefallande oppdrag for TV-aksjonen i Sogn og Fjordane. Som flyktningar kjenner dei begge godt til det å vere utanfor eit fellesskap.

- Tradisjonen med TV-aksjonen der alle i Noreg vil hjelpe folk som treng hjelp, nært eller langt vekke, er så sterk og god. Eg blir både stolt og glad å kunne vere ein del av dette arbeidet, seier Irene.

- Det var utruleg kjekt å vere bøsseberar! Eg var spent då eg banka på dei første dørene, og vart skikkeleg positivt overraska.  Folk kom ut, la pengar på bøssa og sa dei tykte det var flott at vi som er nye i landet, engasjerer oss, seier Yvonne.

Ho var også aktiv i sitt eige heimland; som Røde Kors-medlem og som blodgjevar, og likar å vere ein del av eit fellesskap. I Sogndal er ho også styremedlem i frivilligsentralen.

Frå assistent til ekspert

Sjølv om det i periodar er økonomisk stramt i liva deira, støttar dei folk som har vanskelege liv i heimlanda. Det kan vera å sponse dress til ein som studerer, eller bidra til at folk kan kjøpe seg eit enkelt hus i staden for å bu på gata.

I år rykka dei begge inn i fylkesaksjonskomiteen – som ekspertar – ettersom heimlanda deira er blant dei ni landa som CARE arbeider i og som er mål for aksjonen i år.

«Nå er det hennes tur»

Tanken på at 400 000 kvinner i dei mest sårbare landa i verda skal få hjelp til å starte eigne bedrifter, bestemme over eigen kropp og få ei røyst i samfunnet, appellerer til dei begge.

- Det er ein stor styrke å ha med folk som kjenner kulturen og samfunnsforholda i landa TV-aksjonen går til. Når skuleungar og andre får møte og høyre historier frå folk som kjem frå desse landa, opplevast det sterkare og mykje nærare. Det er viktig å gje innvandrarar, i dette tilfellet afrikanske kvinner, ei røyst også her til lands, seier fylkesaksjonsleiar Oddrun Midtbø.

Ho håper at det i framtida vil vere mange fleire innvandrarar som blir inkludert og som engasjerer seg i det samfunnsnyttige arbeidet TV-aksjonen representerer.

- Men då må dei først få spørsmålet om å bli med, legg ho til.