Separering av mjølk er ein av aktivitetane under stølsdagen på Nordfjord Folkemuseum søndaq. Dette biletet er frå tilsvarande arrangement i 2018.

Stølsdag på museet

Søndag blir det eventyrstund, mjølkebar og kinning på Nordfjord Folkemuseum. Du får ein liten smakebit av stølslivet og det som høyrde til.

– Vi har arrangert stølsdag nokre år no, og det er ein dag som publikum ser ut til å setje pris på. Vi prøver å ha eit variert program, med ulikt innhald kvart år. No har mellom anna Ståle Fitje sagt ja til å fortelje lokale eventyr, noko vi gler oss veldig til, seier formidlingsleiar ved Nordfjord Folkemuseum, Eva Marie Felde.

Bonde- og småbrukarlaget stiller også på og lagar ein liten mjølkebar med rømmeask. Dei som vil kan få sjå og sjølve prøve å kinne smør og separere mjølk. Det skal også lagast sukkerøl på museet denne dagen, og for dei som vil teste samarbeidsferdigheitene i familien, tilrår Felde å prøve seg som husbyggarar.

– Vi har eit lafta hus og eit stavbygg som folk kan få prøve å setje saman. Så snart ein knekkjer koden går det raskt, men om ein er usamde om framgangsmåten og ikkje følgjer skikkeleg med på det ein driv med, må ein fort gjere alt opp att både ein og to gonger, seier ho.

Nordfjord Folkemuseum har også ei lita stølskvie med to sel, eitt frå Alme i Gloppen og eitt frå Holen i Stryn. Der er også ein sauefjøs frå Gjengedalen.

– Vi vil ta med publikum opp der og fortelje litt om livet på stølen i tidlegare tider. Det var mykje og hardt arbeid, men dei som har fortalt om stølslivet understrekar også den gode fellesskapen og ei stor glede ved dette arbeidet.