Benedikte Karoline Almenning (t.v.) og Regine Aa Sandal kinna smør under stølsdagen på museet i fjor. Søndag får dei ein ny sjanse.

Stølsdag på museet søndag

– Tradisjonane kring stølsdrift har vore særs viktige i Nordfjord gjennom tidene. Det ønskjer vi å markere med ein årleg stølsdag, seier Anne Kristin Moe ved Nordfjord Folkemuseum.


For andre år på rad har museet difor leita fram smørkinna og separatoren og er klar til å lage aktivitetar for både store og små. I år blir det også sjanse for alle danseglade til å svinge seg.

– Gloppen hardingfelelag spelar til dans i Frislidlada, så der kan dei som vil, verkeleg få svinge seg. Om ein heller vil lytte til den flotte musikken, er det sjølvsagt også lov. Dans var ikkje kvardagskost, men på laurdagskveldane var det jamleg dans på stølane. Enten på grasslettene eller på flakar som dei bygde opp. Så vi håpar å gjenskape noko av den stemninga, fortel Moe.

Fortel om stølslivet

Stølslivet har i stor grad endra seg frå å vere ein viktig del av matproduksjonen for bønder i norske bygder til å bli eit innslag i fritida til mange. Spesielt frå 1900 og framover har det vore nedgang i seter- og stølsbruken. Nokre stader vert tradisjonen framleis halden i hevd, som til dømes i Hyen.

– Vi er kjempeglade for at Oddbjørg Gjengedal vil vere med oss på stølsdagen. Ho har nærast drive med støling sidan ho vart fødd, og ho vil sitje i Moritsstova på museet og fortelje om stølslivet til dei som er interesserte og kikkar innom, seier Moe.

I tillegg til dei tradisjonsrike stølsaktivitetane som kinning og separering, får folk også høve til å prøvesmake rømmeask og fersk geite- og kumjølk i regi av Bonde- og småbrukarlaget. Ein kan også prøve seg på eplepressing, og ein kan handle med seg heimebakst, heimelaga pølser og sylte, krydder og saft.

– Dagen vart ein suksess i fjor og vi håpar at folk vil bli med i år også, avsluttar Moe.