Heim   >   Nyhende   >   Stillhet og bærplukking på raudlista

Vinterlandskap har hamna på raudlista for naturopplevingar. Her frå Haugsvarden.

Stillhet og bærplukking på raudlista

Bærplukking, vinterlandskap og stillhet er mellom opplevingane på den nye raudlista for naturopplevingar. No kan folk stemme på det dei er aller mest redde for å miste.

Vi har lenge hatt raudlister for sjeldne artar og trua naturtypar. I dag blir den aller første Raudlista for trua naturopplevingar lansert.

Basert på framlegg frå publikum har ein uavhengig jury plukka ut ti opplevelingar til ein plass på den nye raudlista: Bråkete fuglefjell, bærplukking, fritt rennande vatn, hundremeterskogen, intakt natur, kulturlandskap, levande jakttradisjon, stjernehimmelen, stilla og vinteren.

Les juryens begrunnelser og stem på opplevelser som er verdt å bevare

– Natur og opplevingar rører ved folk
– Vi fekk inn mange nydelege og viktige framlegg til lista frå heile landet. Natur og opplevelingar røre ved folk, det er tydeleg – og heldigvis. For verda endrar seg raskt, og det er viktig å bli medvitne på kva vi er glade i og vil ta vare på, seier juryleder Sigri Sandberg, til vanleg naturjournalist og forfattar. Ho håper folk vil lese sine eigne personlige opplevingar inn under kvart punkt.

Uavhengig jury
Raudlista er blitt til på initiativ fra WWF, Verdens Naturfond og Norsk Friluftsliv. De inviterte heile Norge til å fortelje om naturopplevingar dei er redde for å miste. Nå har ein uavhengig jury plukka ut ti av desse opplevelingane. Foruten leiar Sigri Sandberg, sit også biolog Dag O. Hessen, journalist Kari Toft, rådgjevar for marin forsøpling Malin Jacob og friluftsmann og redaktør Knut Brevik i juryen.

– Minner oss om kva som står på spel
– Lista til juryen viser at flotte og tradisjonsrike natur- og friluftsopplevingar som er viktige for mange av oss her i Norge, faktisk er under press frå fleire kantar. Nokon gongar treng vi å minne oss sjølve på kva som står på spel. Då kan det også bli lettare å justere kursen når det trengst. Det gjeld både for politikarar, næringsliv og deg og meg, fortelr Lasse Heimdal, generalsekretær i Norsk Friluftsliv.

Klima, utbygging og søppel
Truslane mot opplevingane på lista, er mange og varierte.

– Vi har varmere klima. Vi byggjer kraftverk, vegar, hytter og hus. Nye artar kjem inn i den norske naturen, andre blir meir eller mindre vekke. I skogen er det stort sett flatehogst som gjeld. Det blir meir plastsøppel og nye formar for ureining. Til saman blir det tydeleg at vi ikkje lenger kan ta naturen for gitt. Alt dette gjer også noko med naturopplevingane våre, seier Bård Vegar Solhjell, generalsekretær i WWF Verdens naturfond.

Ber folk stemme på opplevingar dei ikkje vil miste
Selv om juryen har valgt ut ti opplevingar til raudlista, er den likevel ikkje heilt klar enno. Framlegga er nemleg ikkje rangert. Nå blir publikum invitert til å stemme på opplevingar deyi meiner er aller mest verdt å ta vare på.

– Raudlista for naturopplevingar er ikkje vitenskapeleg, som raudlistene for artar og naturtypar. Til gjengjeld tek vi folk sin naturkjærleik og naturkjensle på alvor. Difor inviterer vi no heile Norge til å stemme på den naturopplevinga dei er aller mest redde for å miste, seier Solhjell i WWF.