Heim   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Sterke historier frå retten i «Verda og vi»

Anders Behring Breivik i retten etter 22. juli-attentatet. Illustrasjon: Harald Nygård.

Sterke historier frå retten i «Verda og vi»

Torsdag kjem tidlegare rettsteiknar Harald Nygård og VG-kommentator Anders Giæver til Trivselshagen på Sandane for å formidle litt av det dei har opplevd i rettssakene dei har dekka.

Du har heilt sikkert sett Nygård sine teikningar. Frå Orderud-saka, som igjen er aktuell, eller om Tengs, Treholt, Greven, Palme-drapet og 22. juli. Gjennom over 30 år følgde 75-åringen alle dei store rettssakene på nært hald.

Store kriminalsaker, som det enno kan vere tvil kring, dukkar med jamne mellomrom opp i media. No er det Orderud-saka som igjen rullar over TV-skjermen i full breidde. For ikkje lenge sidan var det drapet på Birgitte Tengs. Palme-saka er der heile tida.

Difor kan ein trygt seie at «Verda og vi» igjen er rykande aktuelle når dei tek publikum med på eit innblikk i nyare norsk og nordisk kriminalhistorie. Her vil ein møte VG-journalist og kommentator Anders Giæver i samtale med den no pensjonerte rettsteiknaren Harald Nygård.

For fem år sidan gav dei to ut boka «Øyenvitne», der Nygård fortel til Giæver om nokre av desse sakene, rikt illustrerte av fantastiske teikningar frå rettssalen og av hovudpersonane. Nokre av desse vil dei også dele med «Verda og vi».

Som augevitne i retten i ei lang rekkje store og mindre saker, har Harald Nygård sett og opplevd mykje av menneska sine mørke sider.

– Det er ofte mange forferdelege detaljar. Eg skjønte tidleg at skulle eg halde ut i denne jobben, var det viktig å halde distanse. Eg måtte ha fokus på den jobben eg skulle gjere, skildre dei menneska eg såg i retten og ikkje ta inn over meg alle dei tragediane som vart rulla opp undervegs, seier han.

I Trivselshagen torsdag kveld fortel han mykje meir.