Heim   >   Fylket   >   Stengt både i Jølster og Hyen

Fylkesveg 615 gjennom Hyen er stengd på grunn av flaum.

Stengt både i Jølster og Hyen

Mykje regn og kraftig vind gjer at fleire vegar i Hordaland og Sogn og Fjordane er stengde, melder Statens vegvesen. 

Mange stadar er det meld om mykje vatn i vegbana på Vestlandet.

– Skal du ut å køyre i dag, kan det vere lurt å ta ein ekstra kikk på vêrmeldinga, og følgje med på trafikkmeldingar på 175.no, oppmodar trafikkoperatør på Vegtrafikksentralen, Tore Tysse.

Rett før klokka 07.00 søndag morgon opna E16 mellom Bergen og Voss. Her er det manuell dirigering og leiebil. Vegen kan blir stengd på kort varsel.

Her er ein status på andre vegar kl. 08.30 søndag morgon:

Hordaland:

Fv. 7 mellom Granvin og Kvanndal: Stengd på grunn av fare for ras. Her er det mykje stein i vegbana. Ny vurdering kl. 10.00.

Fv. 57 ferjestrekninga Leirvåg-Sløvåg: Fergesambandet er har vore innstilt, men er i drift igjen. Må forseinkingar må påreknast.

Fv. 103 Eidfjordelv bru, på strekninga Eidfjord – Simadal: Stengd på grunn av steinras.

Fv. 188 Nedre Sædal, på strekningen Nattlandsfjellet – Nedre Sædal: Stengd på grunn av flaum.

Fv. 314 Bergsdalen, på strekninga Dale – Bulken: Stengd på grunn av jordras.

Fv. 550 Bjotveit, på strekningen Tørvikbygd – Odda: Stengd på grunn av jordras. Opprydding pågår.

 

Sogn og Fjordane:

E39 ved Vassenden i Jølster: Stengd på grunn av flaum. Ny vurdering av geolog kl. 12.00.

Fv. 8 Åkre, på strekningen Oppedal – Hest: Stengd på grunn av fare for ras. Omkøyring via fv. 92, Stordalen.

Fv. 55 Sognefjellet: Stengd på grunn av uvêr.

Fv. 92 Arnafjord – Vikøyri: Stengd på grunn av fare for ras. Delar av vegen kan opne i løpet av dagen.

Fv. 331 Urnes – Skjolden: Stengd på grunn av fare for ras. Ny vurdering kl. 12.00.

Fv. 451 Kjøsnes – Vassenden: Stengd på grunn av flaum.

Fv. 609 Heilevang, på strekninga Askvoll – Førde: Stengt på grunn av fare for ras. Ny vurdering kl. 17.00.

Fv. 615 Tjøtaelva, på strekningen Storebru – Sandane: Stengd på grunn av flaum. Ny vurdering kl. 10.00.

Fv. 691 Gjengedal, på strekningen Gjengedal – Aa bru: Stengd på grunn av flaum. Ny vurdering klokka 10.00.