Heim   >   Nyhende   >   Stenger vegen til Ommedal

Illustrasjonsfoto.

Stenger vegen til Ommedal

Fv. 5730 vert på nytt stengd mellom Aa og Ommedal, i nokre timar torsdag 10. oktober.

Årsaka til stenginga er at fleire stikkrenner må skiftast ut, og medan dette arbeidet pågår må vegen vere stengd mellom klokka 09:30 og 14:30, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding onsdag morgon. Utrykkingskøyretøy vil sleppe forbi, men ikkje anna trafikk.