Heim   >   Fylket   >   Stengde vegar skaper utfordringar for helsevesenet

E39, som er hovudfartsåra gjennom Sogn og Fjordane, er sperra etter raset i Jølster, noko som skaper utfordringar for Helse Førde. Foto: Sølvi Kobbeltvedt/NTB scanpix/NPK.

Stengde vegar skaper utfordringar for helsevesenet

Fleire vegar er stengde etter rasa i Jølster, noko som gjer det utfordrande å frakte pasientar og ambulansepersonell frå nord og aust.

Det skriv Helse Førde i ei pressemelding.

Sjukehuset i Førde vart umiddelbart sett i beredskap då den første meldinga om jordskred i Jølster kom tysdag.

– Det vart i startfasen sett i verk ressursstyring og styrking av ambulansar sidan tre av Helse Førde sine ambulansar vart fanga i rasområdet, utan pasient i bilen, heiter det i pressemeldinga.

På grunn av dei stengde vegane er det fleire tilsette som ikkje har hatt moglegheit til å kome på jobb, men alle avdelingane ved sjukehuset er likevel i normal drift, opplyser Helse Førde.

– AMK vil styre pasienttransportane frå Sogn via Høyanger eller direkte til Voss og Bergen. Pasientar frå Nordfjord vil bli sende til Volda og Ålesund ut ifrå medisinsk behov. Luftambulanse og redningshelikopter i Førde og omliggande basar er operative og vil hjelpe til ved behov, heiter det.

Helseføretaket opplyser at det førebels ikkje har vore problem med pasienttransporter frå dei aktuelle rasområda. (©NPK)