Statsminister Erna Solberg har lite til overs for bedrifter som utnyttar permitteringsreglane. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix / NPK

Statsministeren: Umoralsk å la permitterte arbeidarar jobbe




Statsministeren reagerer kraftig på meldingar om bedrifter som har permittert tilsette medan dei held fram drifta som normalt.


Skatteetaten har ifølgje Dagens Næringsliv fått 12 meldingar om bedrifter, mellom anna i bygg- og anleggsbransjen, som har permittert folk i 20 dagar og framleis driv som normalt.


Dette er ikkje berre eit regelbrot, meiner statsminister Erna Solberg, og påpeikar at permisjonsreglane no er betre enn vanleg.


– Å bryte regelverket slik er utruleg umoralsk og usolidarisk midt i ein nasjonal dugnad. Dette kan dei straffast for, og eg trur folk vil reagere sterkt på at nokon utnyttar systemet, seier ho.


(©NPK)