Home   >   Fylket   >   Statsbudsjettet gav ingen nye løyvingar til musea

Statsbudsjettet gav ingen nye løyvingar til musea

I statsbudsjettet for 2019 foreslår Kulturdepartementet eit tilskot til Musea i Sogn og Fjordane på kr. 37 080 000. Dette er ein svak auke frå 2018 på om lag 2,2 prosent, noko som er lågare enn venta pris- og lønnsvekst.

Auken er i samsvar med den generelle auken til musea i det nasjonale museumsnettverket. Dette betyr at dei økonomiske rammevilkåra for museumssektoren strammast ytterlegare inn.

– Musea i Sogn og Fjordane hadde ikkje søkt om dei store investeringsprosjekta i år, men vi hadde forhåpningar om å få ekstra løyvingar til ei felles stilling innan samlingsforvalting og å styrke samarbeid på tvers i organisasjonen. Dette fekk vi dessverre ikkje, seier seniorrådgjevar Thomas Walle i ei pressemelding.

– Arbeidet med å operasjonalisere den nye strategiplanen for Musea i Sogn og Fjordane er viktig i tida framover, og tiltaka er sentrale satsingar i dette arbeidet. Signala frå statsbudsjettet viser at organisasjonen må ta nye grep, og drøfte korleis musea skal driftast framover for å utføre vårt samfunnsoppdrag på best måte. Vi er i ei utfordrande tid med regionreform og kommunesamanslåing i 2020, noko som gjer at vi må vere proaktive for å møte dei nye økonomisk rammevilkåra, seier Walle.

– Musea i Sogn og Fjordane vil framover mot neste år jobbe med ein godt gjennomarbeidd søknad for eit fellesmagasin for musea i Angedalen. Dette er eit særs viktig prosjekt for oss, for å betre bevaringstilhøva for gjenstandssamlinga vår og få etablert ei heilskapleg samlingsforvalting i organisasjonen, seier Walle.