Stardølingane vart innesperra

Det skjer stort sett kvar haust og i dag skjedde det igjen. Snøsmelting og store nedbørsmengder gjorde at Stardalselva gjekk inn på vegen rett vest for brua til ytre Heggheim.



Vegen var i fleire timar ikkje farande med anna enn traktor og Dei som skulle ut av dalen, eller inn i den, måtte enten vente eller bruke traktor.



Fekk traktorskyss

Eirik Endestaf frå Flora hadde med seg sambuar og skulle til Fonn for å sjå til ein fritidseigedom dei har der.

- Det brukar å komme vatn i kjellaren når elva er så stor som no så vi tenkte vi skulle ta ein tur for å sjå etter, men no kjem vi ikkje lenger med bil, i alle fall, fortalde Endestad som hadde avtale om skyss med naboen Joar Inge Fonn som var ute med traktor. Traktoren kom og dei fekk skyss dei 12 kilometerane innover til Fonn og var såleis berga.

-At det står vatn over vegen her, er på ingen måte noko nytt, men no er det tredje gongen i haust og det er litt uvanleg, fortalde Joar Inge Fonn før han tok dei to hyttenaboane med seg innover dalen.



Vinden ramponerte buss-skur.

Fredag kveld var det til tider ganske heftige vindkast og på Skei tok vinden ei av glasrutene i buss-skuret ved hotellet. Ruta vart kasta fleire meter og hamna på parkeringsplassen til ladestasjonen for elbilar som står like ved.

Ladestasjonen kunne såleis ikkje brukast på ei stund, og då vi var der midt på dagen laurdag var mesta sine folk i sving med å rydde opp.



 

Arvid Kjøsnes og Johannes Fossheim frå Mesta, måtte laurdag rykke ut for å rydde glasbitar ved ladestasjonen utanfor hotellet.
Eirik Endestad skulle sjå etter fritidsbustaden på Fonn men vart stoppa av vatnet som sto høgt over vegbana.
Joar-Inge Fonn og traktoren vart redninga for desse to som måtte setje att bilen.