Heim   >   Nyhende   >   – Står til stryk

Foto: Noregs Mållag.

– Står til stryk

– Utvalet gjer ingenting for å sikre korkje norsk eller nynorsk særskilt i den nye digitale røyndomen til norske elevar. Opplæringslovutvalet gjev dei store multinasjonale selskapa makt over norsk språkutvikling, det står til stryk, seier leiar Magne Aasbrenn i Noregs Mållag i ei pressemelding.

– No har vi sjansen til å lage ei ny opplæringslov som kan hindre at utanlandske teknologi-gigantar som Google og Apple får styre språkpolitikken i skulen, men det har ikkje utvalet våga å krevje, seier han.

Ifølgje Mållaget legg opplæringsutvalet fram fleire store endringar av opplæringspolitikken som vil påverke språksituasjonen, heilt utan å greie ut eller grunngje dei språklege konsekvensane endringane vil få.

Førsteamanuensis Jon Christian Fløysvik Nordrum ved Institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo har leia opplæringslovutvalet. Utvalet vart sett ned av regjeringa i 2017 og har hatt til oppgåve å sjå på opplæringslova for grunnskulen og for vidaregåande utdanning. Fredag vart innstillinga overlevert til kunnskapsminister Jan Tore Sanner. (©NPK)