Står fast i Baltimore

Teknisk trøbbel med eit fly frå USA gjer at bluegrasskonserten under Norsk Countrytreff torsdag kveld blir noko redusert.

- Gruppa Nothin´ Fancy er blitt ståande faste i Baltimore, og då er det vanskeleg for dei samstundes å opptre på konserten i kveld, seier dagleg leiar Arve Kleppe i ei pressemelding.

Han lovar likevel lovar ein flott konsert. For gruppa Blåstrå tek over heile konserten og diskar opp med tonar med utgangspunkt i Bill Monroe, Dolly Parton og gamle Old Time-låtar
oppe frå fjella i Appalacia. Besetninga er Signe Salvesen på gitar og vokal, Sondre Ljoså på bass og vokal og Espen Svenungsen på banjo og vokal.

Prisen på konserten blir noko redusert som følgje av at berre eitt band spelar.

- Dei som har kjøpt billett på førehand vil også få att delar av billettprisen ved oppmøte, seier Kleppe.

Men det blir nye moglegheiter til å oppleve Nothin´Fancy i løpet av helga. Dei skal opptre under kyrkjekonserten i Breim Kyrkje og på Kolbeins Saloon på hovudarenaen laurdag ettermiddag.