Home   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Stadfestar at det er lokal sildestamme i Gloppefjorden

I 2008 leverte dei lokale fjordfiskarane Jon G. Eide (f.v.), Lasse Solheim, Jon Arild Austrheim og Einar Ryssdalsnes sild til toktleiar Jostein Røttingen (i midten) om bord på Havforskingsinstituttet sitt skip ”Håkon Mosby”. No har dei fått svara dei håpte dei ville få.

Stadfestar at det er lokal sildestamme i Gloppefjorden

– Analysane viser tydeleg at dette er lokal sild som skil seg frå norsk vårgytande sild, seier forskingsleiar for pelagisk fisk i Havforskingsinstituttet, Aril Slotte.

Mange lokale hobbyfiskarar har meint at det finst ein eigen sildestamme i Gloppefjorden. Etter at kystfiskebåtar tok opp betydelege mengder sild, frykta dei at fjorden skulle bli fiska tom. I november 2008 leverte dei prøvar av silda til Havforskingsinstituttet. No ligg endeleg svara føre.

Fleire undersøkingar

– Det er gjennomført genetiska analysar av silda. Desse viser det vi kallar for tydeleg lokal sild, låg vekst og gyting ved mindre storleik enn norsk vårgytande sild, NVG. Dette er typisk for dei populasjonane som blir verande i fjordane, seier Aril Slotte.

Han fortel at genetikken viser at silda i Gloppefjorden skil seg tydeleg frå NVG-silda, og er meir lik lokale sildestammar lenger sør, som i Lustrafjorden.

Les heile saka i papirutgåva onsdag.