Stabil koronasituasjon i Sunnfjord kommune

Ordførar Olve Grotle melder at det ikkje er registrert nye koronasmitta i helga. Dermed er talet på smitta åtte, det same som fredag.

– Det har i hovudsak vore ei avklart og roleg helg, utan dei heilt store utfordringane, skriv ordføraren som også vurderer omdisponering av kommunen sine ressursar.

Vil ha inn helsepersonell

Olve Grotle og resten av kommuneleiinga ønskjer å få oversikt over tilgjengelege personar med helsefagleg bakgrunn.

– Vi går no ut og ber eksterne folk med helsefagleg kompetanse om å melde seg til Sunnfjord kommune. Vi vil ha eit eige opplegg for denne rekrutteringa. Desse vil bli ein del av ein reservestyrke, som kommunen kan kalle på dersom nødvendig, seier Grotle.

Elles blir det minna om hytteforbodet, og kommunestyremøtet denne veka er avlyst. Ordføraren nemner også at karantenereglane for tilreisande frå utanfor regionen er oppheva.

Til slutt peikar Grotle på at det er uhyre viktig å halde avstand til andre menneske og ha god handhygiene. Han er også klar på at ein må rekne med at det er fleire smitta i kommunen enn det som er registrert.