Home   >   Nyhende   >   Språkrådet refsar statlege namneprosessar

Direktør i Språkrådet, Åse Wetås, har sett seg lei på at statlege organ vel namn som ikkje tek omsyn til norsk språkpolitikk. – Namn som Bane NOR SF, Oslo Met og Norec skrik i øyra mine, seier ho. Foto: Mariam Butt/NTB scanpix/NPK.

Språkrådet refsar statlege namneprosessar

Direktør Åse Wetås i Språkrådet er grundig lei av at Språkrådet gong på gong blir forbigått når statlege selskap og organ skal skifte namn. Ho meiner resultatet er ei rekkje dårlege namn som bryt med reglane for godt, norsk språk.

– Sanninga er dessverre at Språkrådet framleis ofte ikkje blir konsultert i slike prosessar. Det er alvorleg. Dette gjeld fleire saker der prosessen har enda med at eit statsorgan har fått eit namn som Språkrådet sterkt ville rådd frå, seier Wetås til Dagens Næringsliv.

Ho har no skrive eit krast brev til Kulturdepartementet om saka. I brevet kjem ho med fleire døme som illustrerer utviklinga. Første gongen Språkrådet reagerte var i 2016 då det statlege føretaket som tok over Jernbaneverket fekk namnet Bane NOR SF. Reaksjonen skal ha ført til at Kulturdepartementet bad alle statlege føretak om å rådføre seg med Språkrådet før dei byter namn.

Men ikkje alle ville høyre på Språkrådet. Wetås viser mellom anna til at Høgskolen i Oslo og Akershus på nyåret i år skifta namn til Oslomet storbyuniversitet – trass sterke protestar frå Språkrådet.

Då Fredskorpset i august i år bytte namn til Norec såg Åse Wetås seg nøydd til å ta affære på nytt. Ho meiner Norec er eit tullenamn som betyr lite både på engelsk og norsk, og som ikkje er i tråd med norsk rettskriving.

Direktør Jan Olav Baarøy i Norec seier på si side at dei ikkje visste om pålegget, men forsvarar likevel det nye namnet og meiner det kommuniserer betre med folk i utlandet.

Statssekretær Frida Blomgren i Kulturdepartementet er på si side klar på at Språkrådet skal vere fagorganet til staten i språkspørsmål og meiner det er viktig at staten går føre med gode døme på godt norsk språk. Ho seier departementet no vil vurdere skarpare tiltak for å sikre at dei språkfaglege rutinane blir følgde.

– Eg vil vurdere om vi treng ei sterkare formalisering av desse tilhøva, slik Språkrådet ber om, seier ho. (©NPK)