Heim   >   Nyhende   >   Språkmoro på laurdagskvelden

Foto: Margunn Sundfjord/NPK.

Språkmoro på laurdagskvelden

Frå hausten skal NRK-programmet «Eides språksjov» sendast i beste sendetid på laurdagar.

Dette er første gongen NRK lagar studiobasert laurdagsunderhaldning frå Bergen sidan Rune Larsen og Jan Eggum regjerte med «Absolutt norsk» for over 16 år sidan, fortel Bergens Tidende.

Linda Eide, språkprofessor Gunnstein Akselberg og kapellmeister Sjur Hjeltnes har med programmet sitt hatt i snitt om lag 550.000 sjåarar på onsdagskveldane.

«Eides språksjov» har nettopp avslutta tredje sesong på NRK1. (©NPK)