Språkatten Lurivar i Aasen-tunet viser fram den fornya nettstaden sin. Foto: Aasen-tunet.

Språkglad katt med fornya nettstad

Formidlingsfiguren for dei yngste i Aasen-tunet, tunkatten Lurivar, har fått ein ny og oppdatert nettstad.


På nettstaden kan ein mellom anna lese forteljingar om den nyfikne og leikne språkkatten ført i pennen av kjende nynorskforfattarar. Nettstaden byr også på lydbøker med nynorske forteljingar og bøker, songar og leikar med tips til korleis barn kan leike seg med ord og lære om språk.


Tilbodet blei første gongen lansert for tolv år sidan. Sidan den gongen har meir enn 250.000 personar besøkt nettstaden.


– For oss er det ekstra kjekt å sjå at brukarane kjem frå heile landet, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Aasen-tunet i ei pressemelding.


Med den oppjusterte versjonen håpar han at endå fleire vil ta innhaldet i bruk. Han oppmodar spesielt barnehagar og skular til å følgje med på adventskalenderen Lurivar og juletunmysteriet. (©NPK)