Her er premien i fiskekonkurransen

Som tidlegare fortalt, har arrangementskomiteen for Jølster Aurefest laga ei uhøgtidleg erstatning for den avlyste fiskekonkurransen

Erstatninga er nettbasert og går ut på at alle som vil kan fiske i heile Jølster frå torsdag klokka 18.00 til laurdag klokka 17.00. Konkurransen er gratis, men deltakarane må ha fiskekort.

Les også
Det blir fiskekonkurranse likevel
Premie til fiskekonkurranse: Denne bilen ventar på den som kjem nærast ei trekt idealvekt når fiskekonkurransen er over laurdag ettermiddag. I tillegg blir det gratis fisking under neste års aurefest.

Digital registrering

Fangstar skal registrerast på ei Facebook-side som blir oppretta av Jølster Aurefest. Fangst skal vegast og fotograferast og premieutdelinga vil også føregå digitalt, grunna smittevernreglar i samband med koronasituasjonen. Då vil den heldige vinnaren bli kåra og kan hente premien, ein Volvo XC 90, i litt redusert utgåve, etter nærare instruksjonar.

Premie fiskekonkurranse: André Sunde, Jørn Inge Egge og Øyvind Årdal med premien som ventar den heldige vinnaren av fiskekonkurransen. Dei håpar mange vil konkurrere om den fine bilen.