Home   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Spør om Trivselsskogen

Utsikt frå Draumekvila.

Spør om Trivselsskogen

Vestlandsforskning har gåande eit prosjekt som ser på korleis innbyggjarar i fylket brukar utmarka, og korleis dei ulike brukarinteressene møter kvarandre.

Gloppen kommune er ein av tre kommunar i fylket som er eigarar og deltakarar i prosjektet. Dei andre kommunane er Sogndal og Luster, og i Gloppen er det særleg utviklinga av Trivselsskogen som forskarane vil sjå på.

I den samanheng blir lesarar av Firda Tidend bedt om å svare på ei spørjeundersøking for å kartlegge bruken av Trivselsskogen, enten du er brukar eller ikkje. Svara vil bli behandlet anonymt av Vestlandsforsking på oppdrag av Gloppen kommune. Resultat frå undersøkinga vil presentert i avisa når dei er klare.

Link til spørjeundersøkinga finn du her:

Bakgrunn
Kommunane Luster, Sogndal og Gloppen er med i eit treåring forsking- og utviklingsprosjekt (2016-18) om korleis ulike grupper kan bruke den same utmarka. Vestlandsforsking leiar prosjektet og utviklar verkemiddel saman med kommunane og dei ulike brukarane. Målet er å koordinere ferdsla i populære delar av utmarka.

Fleire kommunar på Vestlandet arbeider med utvikling av terrengsykling, som er blitt ei populær form for friluftsliv både for fastbuande og tilreisande. Landbrukspolitikken har dei siste tiåra hatt som mål å få bønder og grunneigarar til å utvikle nye inntektskjelder basert på gardane og utmarka, til dømes jaktturisme. Kommunane har i same periode fått større innverknad over arealplanlegginga, og den pågåande utviklinga av nye friluftslivsaktivitetar gir nye utfordringar.

Kombinere?
Eit sentralt spørsmål er korleis ulike former for rekreasjon og grunneigarane sin bruk av utmark kan fungere side om side. Korleis kan ein kombinere dei nye formene for friluftsliv med tradisjonelle aktivitetar som vandring, sanking og jakt?

Ulike utfartsområde som dei seinare åra er blitt attraktive blant nye brukargrupper skal undersøkast. Målet er at kommunar i lag med brukarane finn eit felles utgangspunkt for bruk av utmark som både tek omsyn til lokal verdiskaping, allemannsretten og grunneigarane sine interesser.

Kan det same området ha rom for vandrarar, syklistar, jegerar, bærplukkarar og beitedyr?

Link til spørjeundersøkinga her: