Steinar Engelbrektson inviterer til allsong og god stemning.

Spelar på heimebane

Med ein kjærleik for Nordfjord entrar Steinar Engelbrektson scena på Heradsplassen søndag 26. august. Han byr på dansbar countrymusikk og allsong.

– Det er lenge sidan sist eg vart spurd om å spele på Sandane-dagane, så eg synest det er kjekt å få opptre på heimebane. Særleg sidan det er på Sandane eg spelar minst til vanleg, fortel Steinar Engelbrektson.

Meir eigen musikk

Sidan den første spelejobben hans, 17. mai 1980, har musikken endra seg. I starten laga han mest coverlåtar, plukka frå øvste hylle. Han fortel at han framleis spelar fleire av desse, som Hellbillies og Tore Tang, om stemninga er rett.

– Det er viktig med gode coverlåtar som folk likar, det skaper god stemning. Likevel har eg laga meir og meir eigen musikk, det er kjekt å ha låtar som folk kan kjenne meg for.

I mange år har han profilert seg med dansbar countrymusikk, med trekkspel og stemma som instrument. Slik vil han òg opptre på Sandane-dagane. Denne helga stiller han åleine, men Engelbrektson fortel at han stiller med band på konsertar der publikum er stort og dansegolvet bra.

Vil skape god stemning

I tillegg til fint vêr, håpar Steinar Engelbrektson å få bidra med musikalsk underhaldning denne helga. Saman med gamle coverlåtar og eigen musikk, vil han vise fram nyprodusert musikk som han har jobba med siste tida. Han lovar ein konsert med ei god blanding av nytt og gammalt.

– Eg håpar å få til allsong, det hadde vore kjekt å få heile Heradsplassen til å synge «Heim til Nordfjord».

Hovudmålgruppa fortel han er eit vakse publikum, men han har mange unge lyttarar òg. På Facebook-sida hans viser statistikken at den mest besøkjande gruppa er kvinner mellom 55 og 63 år.

– Uavhengig av målgruppe, vil eg halde ein konsert i den stilen eg gjer til vanleg. God stemning skal det nok bli uansett, smiler han.

Heim til Nordfjord

Ein av dei mest kjende songane hans, «Heim til Nordfjord» vart laga med baktanken å kunne bli ein gjengangar på NRK Sogn og Fjordane. Songen vart kjend over heile landet, og Engelbrektson kan fortelje om eit publikum som syng med der han kjem.

– Dette viser at mange har ei tilknyting til Nordfjord, anten det er ei bestemor, ein eks-mann, eller ein ven. Det gjer det endå kjekkare å få profilere ein så flott stad, seier han.

I samband med denne songen fekk han på nyåret tildelt tittel som ambassadør for Visit Nordfjord.

Har budd i heile Nordfjord

– Tittelen som ambassadør passer meg godt. Eg vart fødd på Stadlandet, utdanna på Nordfjordeid, og har gått på skule i Stryn. I tillegg har eg jobba i Selje, og no er eg busett på Sandane, så eg har vore litt over heile Nordfjord.

I posten fekk han tilsendt t-skjorte, og tittelen som ambassadør. Han fortel at han gjerne kan knyte dette meir opp mot musikken, og vil promotere Nordfjord gjennom video om han får spørsmål om det.

Kjærleiken for Nordfjord har likevel kome godt fram i musikken allereie. Ikkje berre med songen «Heim til Nordfjord», men fleire av pressebileta er tekne i Nordfjord. Til dømes tok bandet bilete framfor Briksdalsbreen i 2005, og albumbileta frå 2010 er tekne på Vestkapp og på Nordfjord Folkemuseum.

– Eg har vel eigentleg vore ambassadør for Nordfjord lenge, smiler Steinar Engelbrektson.