Finansdirektør Frode Vasset i Sparebanken Sogn og Fjordane lovar enkel handsaming ved søknad om utsetjing på renter og avdrag.

Sparebanken set ned renta

Som følgje av at Noregs Bank nyleg sette ned renta, generell uro i økonomien og endra konkurransesituasjon, set Sparebanken Sogn og Fjordane ned både innskots- og lånerenta med 0,35 prosent.

For nye lån gjeld renteendringa frå 23. mars. For eksisterande kundar vil den nye lånerenta vere gjeldande frå 30. april 2020.

Koronaviruset skaper problem

– Vi ser at koronaviruset fører til økonomiske utfordringar, derfor har vi lagt til rette for ein enkel prosess for å få innvilga avdragsfritak på bustadlånet, seier Frode Vasseth, finans- og økonomidirektør i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Ny beste rettleiande rente for kundar som skal kjøpe sin første bustad og grønt bustadlån er 2,60 % nominell rente, heiter det i ei pressemelding frå banken.