Sp vil utsetje pelsdyrforbod

Senterpartiet krev at pelsdyrforbodet skal utsetjast etter ein feilaktig rapport frå Mattilsynet.


I rapporten frå Mattilsynet, blei det hevda at pelsdyra hos ein pelsdyrbonde var avmagra og dehydrerte, noko som i ettertid har vist seg å vere feil, skriv NRK.


Regjeringa har tidlegare snakka om å avvikle pelsdyrnæringa fram mot 2025, dette vil Senterpartiet no krevje ei utsetjing av.


Senterpartiet meiner at alle rapportane frå Mattilsynet bør få ein gjennomgang, etter dei påviste feila i rapporten som er nemnt. Landbruks- og matminister Olaug Bollestad har kalla Mattilsynet inn til møte for å finne ut av om denne rapporten er eit eingongstilfelle, eller om det eksisterer fleire misvisande rapportar. (©NPK)