Heim   >   Nyhende   >   Sp: «Uryddig» med distriktsminister utan makt og pengar

Senterpartiet sin parlamentariske leiar Marit Arnstad vil ha svar på kva som eigentleg er ansvarsområdet til distriktsministeren i regjeringa. Foto: Stian Lysberg Solum/NTB scanpix/NPK.

Sp: «Uryddig» med distriktsminister utan makt og pengar

Distriktsminister Linda Hofstad Helleland (H) er ein statsråd nesten utan portefølje, noko som gjer det vanskeleg å føre meiningsfylte diskusjonar, meiner Sp.

– For oss i Stortinget blir dette litt uryddig, sa Senterpartiet sin parlamentariske leiar Marit Arnstad i Stortingets munnlege spørjetime onsdag.

Ho viste til at av dei midlane regjeringa har sett av til såkalla breie distriktspolitiske tiltak, har distriktsministeren berre ansvaret for tre prosent. Mesteparten av dette går direkte til fylka og blir forvalta der.

– Distriktsministeren er med andre ord ein statsråd nesten utan portefølje, seier Arnstad.

Ho viste til at ei rekkje andre statsrådar har mykje meir å seie for distrikta enn distriktsministeren.

– Kvifor har ein utnemnt ein statsråd endå ein gong som verken har makt over viktige område eller pengar til å gjere noko i distriktspolitikken, spurde Arnstad.

Statsminister Erna Solberg (H) avviste at ho har hatt statsrådar utan portefølje i dei ulike regjeringane sine. Ho viste samtidig til at mange statsrådar, som næringsministeren og likestillingsministeren, har relativt få konstitusjonelle ansvarsområde.

– Mange ministrar har eit større koordineringsansvar for område, endå om dei ikkje har heile ansvarsporteføljen knytt til dette, sa statsministeren.

Ho understreka at det har vore viktig å gi ein statsråd ansvaret for å koordinere distriktspolitikken.

– Det tyder at ein jobbar med koordinering, å sjå heilskapen og planleggje distriktspolitikken, sa Solberg.

(©NPK)