Sp har tru på fleirtal for auka erstatning til pelsdyrbønder

Frp landar onsdag sitt syn på kor mykje pelsbøndene skal få i erstatning. Ap og Sp pressar på for å få partiet med på å gi bøndene langt meir enn dagens ordning.


Frp-stortingsgruppa skal diskutere saka onsdag, opplyser landbrukspolitisk talsmann Morten Ørsal Johansen til Nationen.


– Der skal vi fastsetje ståstaden vår i saka.


Johansen er saksordførar for forslaget frå Senterpartiet om «full erstatning» til bøndene som er ramma av at pelsdyravl blir forbode frå 2025. Det kan bli ei av dei første sakene der Frp går saman med andre opposisjonsparti og påfører den borgarlege mindretalsregjeringa eit nederlag.


Forslagsstillar Geir Pollestad (Sp) har tru på at dei får Frp med på laget.


– Eg oppfattar at pelsdyrsaka er noko av det som ligg bak at Frp har gått ut av regjeringa, så eg går ut frå at vi finn ei løysing på dette, seier han til NTB.



Venstre-siger

Det var Venstre som fekk gjennomslag for å forby pelsdyr då dei forhandla seg inn i regjering på Jeløya i 2018. Det har vore tungt å svelgje for Frp. Partiet er heller ikkje nøgd med erstatningsordninga som regjeringa vedtok i november.


Men Ørsal Johansen vil ikkje gå inn for Sp-forslaget utan vidare.


– Vi må leggje inn noko konkret om kva som skal vere utgangspunkt for ei slik full erstatning, seier han til Nationen.


Pollestad synest ikkje det er så vanskeleg:


– Full erstatning tyder at dei skal få dekt det økonomiske tapet. Eg tenkjer det er så enkelt som at dei skal få det same som om staten skulle etablere ein kampflybase som gjer at dei må avvikla drifta si, seier han.


Han meiner altså at bøndene skal få ei erstatning tilsvarande det ein ville fått om styresmaktene hadde ekspropriert eigedommen, men lova som gjeld for oreigning nemner ulike måtar å rekne ut tapet.



– Betydeleg tap

Også Ap ønskjer ei langt betre ordning enn det regjeringa har fått i stand.


– Takseringar viser at det er mange som får eit betydeleg økonomisk tap, og eg meiner det ikkje står seg særleg vel, seier Terje Aasland, som sit i næringskomiteen på Stortinget for Ap.


Også han går inn for at reglane for oreigning må brukast, og meiner bruksverdien må leggjast til grunn.


Verken Aasland eller Pollestad kan vise til utrekningar over kor mykje det vil koste å gi bøndene erstatning etter prinsipp om oreigning til grunn.


Men Aasland opplyser at det er gjort utrekningar tidlegare som anslo ein kostnad på 1,5 til 2 milliardar kroner. Til samanlikning er ordninga regjeringa gjekk inn for før jul, anslått å ha ein prislapp på 800–850 millionar kroner.


I ein rapport som Norges Pelsdyralslag har fått utarbeidd, blir det lagt fram reknestykke som viser at bønder vil bli påførte tap i millionklassen med ordninga regjeringa har landa på, samanlikna med om dei hadde fått erstatta bruksverdi eller taksert verdi på anlegga. Enkelte vil bli sitjande att med ubetalt gjeld, ifølgje utrekningane.


I rapporten blir bruksverdi definert som «anleggenes økonomiske verdi basert på reell avkastning siste ti år». (©NPK)