Sovna bak rattet og køyrde av vegen

Under påverknad av alkohol køyrde mannen i september 2019 utfor vegen i Sogndal. Politiet tok blodprøve av mannen like etter uhellet, og denne viste ein alkoholkonsentrasjon i blodet på 2,09.

I Sogn og Fjordane tingrett tilstod mannen, utan atterhald. Han har forklart at han sovna bak rattet og køyrde ut av vegen.

Retten dømde mannen til 25 dagar i fengsel, på vilkår. Eit særvilkår er at mannen skal gjennomføre eit program mot ruspåverka køyring i regi av Kriminalomsorga. Mannen har erkjent at han har eit problem med alkohol, og har samtykka til programmet.

Vidare er han dømd til å betale ei bot på 50.000 kroner, og han mistar førarkortet for ein periode på 2 år og 6 månadar. For å få dette att, må han avlegge full, ny førarprøve.

Mannen er ikkje tidlegare straffedømd.