Home   >   Nyhende   >   Soppen er sankeklar

Hausten er sopptid. Foto: Kari Hamre/NPK.

Soppen er sankeklar

Skal du plukke sopp i år bør du kome deg til skogs no.

– Eg kan ikkje skjønne at soppen har kome allereie. Det har vore tørt, men likevel dukkar den opp før sesongen. Eg skjønar ingenting, seier leiar Wenche Eli Johansen i nyttevekstforeininga i Ålesund til NRK.

Tidlegare i sommar blei det spådd at det tørre vêret kunne gå hardt ut over soppsesongen. No viser det seg at varmen i staden kan ha vore med å skunde på soppsesongen.

– Sommaren starta seint og så kom den som eit takras. Alt modna samtidig og no er det nesten over før hausten har komme, seier Feltbiolog Dag Holtan til rikskringkastaren. (©NPK)