Home   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Søppel-kunst frå Gloppen til TV-aksjon

Elevar ved Hyen skule og Sandane skule har laga bilete av ei hettemåke og ein uer av plastsøppel fra havet. Bileta skal seljast på auksjon under TV-aksjonen 21. oktober. Foto: Prestgaard/Andersen.

Søppel-kunst frå Gloppen til TV-aksjon

Elevar ved Sandane skule og Hyen skule har laga kunstverk av plastsøppel frå havet som skal seljast på auksjon under TV-aksjonen søndag 21. oktober.

Men hjelp frå miljøkunstnarane Kari Prestgaard og Astor Andersen har elevane laga bilete av ein uer og ei hettemåke av plastsøppel frå havet. Prestegaard og Andersen er i haust på turné for Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane.

– Når vi gir desse bileta til TV-aksjonen, skjer det med ein liten pedagogisk baktanke. Vi ønskjer å vise at plastsøppel frå havet kan bli til noko vakkert og verdifullt, seier Kari Prestgaard.

Bileta er fotografi av mellombelse kollasjar, og originalane blir demonterte og søpla brukt om igjen på turneen, som skal innom 34 skular i haust.

TV-aksjonen går av stabelen søndag 21. oktober, og innsamlinga går til Kirkens Bymisjon sitt arbeid for utanforskap. Leo Ajkic, Haddy Njie, Ingrid Gjessing Linhave og Benedicte Bendiksen skal leie maratonsendinga på NRK. (©NPK)