Heim   >   Fylket   >   «Sommeråpent» kjem til Gloppen

Prosjektleiar for "Sommeråpent", Anja Stabell (t.v.) og redaksjonsleiar Hanne Roaldsen på synfaring hos Gloppen camping og fritidssenter. Foto: NRK.

«Sommeråpent» kjem til Gloppen

I seks veker skal NRK sin «Sommeråpent»-redaksjon feire campinglivet. I veke 29, midt i juli, vitjar dei Gloppen camping og fritidssenter på Sandane.

– Vi ønskjer å spegle det gode livet på camping og dei livslange relasjonane som mange knyter. Vi vil bli kjende med campingturistane der dei er og feire samhaldet. Og kanskje slå hol på ein myte eller to om denne ferieforma, seier Hanne Roaldsen, redaksjonsleiar i NRK underhaldning, i ei pressemelding. 

Årets sendingar startar tysdag 2. juli på ein av Noregs eldste campingplassar, Moysand familiecamping i Fevik i Aust-Agder. I seks veker vil Sommeråpent flytte seg vidare nordover frå campingplass til campingplass og ende opp i Alta i Finnmark. På kvar stad kan familiar melde seg på “campingleikane”, og to familiar vil konkurrere gjennom veka til ein vinner blir kåra siste dagen.  Både kjende og lokale artistar vil sørge for herleg sommarstemning.  

– Vi er ikkje helt klare til å offentliggjere kven som skal leie årets «Sommeråpent», men at det blir seks par kjende og kjære programleiarar, det er sikkert, sier Roaldsen.