Home   >   Nyhende   >   Sommartørken truar vass-standen i norske magasin

Illustrasjonsfoto: Statkraft.

Sommartørken truar vass-standen i norske magasin

Etter den kraftige sommartørken må det regne meir i haust enn på 100 år for å nå vanleg fyllingsnivå i norske vassmagasin.

Den første veka i august var vass-standen i dei norske magasina på 60,9 prosent. Vanlegvis er fyllingsgraden på 80 prosent på denne tida av året, skriv NRK.

– Dersom det regnar 50 prosent meir enn normalt resten av året, vil det vere normale nivå ved årsskiftet, seier seniorrådgjevar Gunnar Bartnes i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

I Noreg har det berre regna så mykje på hausten ved to høve, i 1978 og 1983, og då berre på Vestlandet. At heile Noreg no får dobbelt så mykje regn som vanleg i haust, er dermed usannsynleg, trur forskar Helga Tajet ved Meteorologisk institutt.

– Det høgste som er målt ein heil haust for heile Noreg, er 40 prosent meir nedbør enn normalt for hausten i snitt, seier ho. (©NPK)