Stakaldefossen og dei andre kraftverka til Sunnfjord Energi kan bli reine pengemaskinene om utbyteprognosane slår inn

Solide utbyteprognosar frå Sunnfjord Energi

I samband med fusjonsprosessen mellom Sunnfjord Energi og BKK har det vore sterkt fokus på kva utbyte eigarane kan vente seg frå Sunnfjord energi framover.



Advokat Roy Slettvold frå Selmer AS har vore eigarkommunane sin rådgjevar i fusjonsprosessen, og til kommunestyret i Jølster sa han i mai at det måtte reknast med 15 millionar i gjennomsnittleg årleg utbyte frå selskapet dei neste ti åra.

Andre tal internt
På siste formannskapsmøte i Jølster sa ordførar Oddmund Klakegg at utbytet frå Sunnfjord Energi vil bli betydeleg høgare enn det offisielle talet. Styre og administrasjon har inntil nyleg nekta å syne fram prognosane sine, men onsdag snudde dei og opplysningar som er sendt til kommunane, syner at selskapet sine eigne prognosar ligg langt over Selmer AS sine. Det syner seg nemleg at prognosane peikar mot heilt andre tal enn det som har vore vanleg siste åra.
Gjennomsnittstala for utbyte ligg tre gonger over det Roy Slettvold og Selmer la fram for politikarane, og går det som prognosane seier, så vil utbytet om ti år ligge på 75 millionar.

Usikre faktorar
Men i utgreiinga som no er sendt til kommunane peikar administrasjonen på at tala er sterkt avhengige av høg straumpris, og såleis er usikre.
– Kraftpris vil vere den dominerande faktoren i utbyteevne frå selskapet framover. Dersom kommunane skal finansiere oppkjøp av aksjar med utbyte frå selskapet må ein vere merksam på den store usikkerheita kring framtidig kraftpris, heiter det.
Den siste formuleringa er mynta på dei som meiner at kommunane som om litt blir Sunnfjord kommune bør kjøpe Fjaler sine aksjar finansiert med utbyte frå Sunnfjord Energi. Akkurat denne strategien var advokat Roy Slettvold sterkt skeptisk til då han orienterte politikarane. Han la fram rekneeksempel som synte at, avhengig av kor mange av aksjonærane som nytta forkjøpsretten, måtte utbytet frå Sunnfjord Energi ligge mellom 24 og 38 millionar første året for å dekke renter og avdrag på lånet. Slettvold brukte altså 15 millionar i snitt i sitt reknestykke.
Prognosane frå Sunnfjord Energi syner no at utbytet for 2020 vil ligge på 30 millionar og vil vere sterkt stigande etter 2021. Grunnen til dei optimistiske prognosane, er at selskapet i 2020 vil vere ferdig med store investeringar og vil gå inn i ein haustefase.

Enivest kan kanskje slappe av
Sunnfjord Energi sitt dotterselskap Enivest, som også SFE og BKK er eigarar i, har vore uroa for framtida etter at fusjonsforhandlingane var avslutta. Det var nemleg laga ei aksjonæravtale mellom eigarane som skulle reforhandlast om fem år. Dette vart av dei tilsette i Enivest tolka slik at selskapet ikkje var freda i meir enn fem år.
No seier administrasjonen at klausulen om reforhandling er fjerna.
– BKK skal vidareføre eigarskapet og vidareutvikle verdiane som ein profesjonell og kompetent eigar saman med leiinga og dei andre eigarane i selskapet, heiter det i administrasjonen si orientering.