Trond Teigene.

Solide tal for Sparebanken Sogn og Fjordane

Totalresultatet for Sparebanken Sogn og Fjordane er 220 millionar per 2. kvartal, 28 millionar meir enn tilsvarande periode i fjor.

 Onsdag offentleggjorde Sparebanken Sogn og Fjordane kvartalstala for 2. kvartal.  Totalresultatet er hittil i år på 220 millionar kroner, mot 192 millionar kroner per 2. kvartal i 2017.

- Sparebanken Sogn og Fjordane  viser ei god resultatutvikling, tilfredsstillande kapitaldekning og ein solid marknadsposisjon i Sogn og Fjordane. Vi jobbar kvar dag for å vere ein god bank for Sogn og Fjordane og næringslivet her, og gode resultat sikrar at vi har musklar til å vere ein offensiv bank for regionen vår, seier administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Trond Teigene.

Totalresultatet for 2. kvartal isolert er på 123 millionar kroner og gir ein eigenkapitalavkastning på 11,4  prosent mot 103 millionar kroner og 10,3 prosent for same kvartal i fjor.

Porteføljekjøp i juni  

Brutto utlån til kundar er på totalt 47 milliardar kroner. Veksten dei siste 12 månadane er på 2,8 milliardar kroner, eller 6,2 prosent. Privatmarknaden auka med 7,3 prosent og utlån til bedriftsmarknaden (inkl. utlån til offentleg og finansiell sektor) med 3,0 prosent.

I slutten av juni kjøpte banken ei portefølje av bustadlån på om lag 0,5 milliard  frå Eiendomskreditt AS. Utlånsvekst eksklusiv dette kjøpet er på 5,0 prosent.

– I tillegg til kjerneområdet vårt Sogn og Fjordane har vi dei siste 20 åra hatt ein strategi på vekst på landsbasis i privatmarknaden. Strategien sikrar vekst slik at banken har storleik og musklar til å vere ein solid næringsbank for fylket. Vi har no om lag 42 prosent av bustadlåna våre utanfor Sogn og Fjordane og kjøpet av Eiendomskreditt si portefølje styrkar denne satsinga vidare. Sjølv om vi ser vekk i frå dette kjøpet har banken likevel hatt god utlånsvekst, seier Trond Teigene.

Tilbake til lokalsamfunnet

Kvart år deler banken og eigarane til banken, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Fjaler, ut millionar i gåvemidlar frå Sparebanken Sogn og Fjordane sitt overskot. Midlane går til kultur, idrett og næringsretta prosjekt.

Hittil i år er det delt ut totalt 22,5 millionar i gåvemidlar tilbake til fylket. I tillegg har banken sponsoravtalar med rundt 50 lag og organisasjonar rundt om i fylket.

- Det at kundane våre ser igjen kundeforholdet i konkrete relevante tiltak for dei, som klatreparkar til ungane, dagsturhytter i alle kommunar og gode vekstprosjekt for næringslivet, er viktig for oss. Vi er stolte over å kunne vere synlege lokalt, både gjennom gåvene frå stiftingane, men og gjennom sponsoravtalar og eigne gåver gjennom banken, seier Trond Teigene.

Gåveutdelingane for 2018 er ikkje over. Fristen for å søke på haustens gåveutdeling til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane  går først ut 1. september.

- Lag og organisasjonar med små og store draumar må hugse å søke midlar, oppfordrar Teigene.

 

HOVUDLINJER 2. KVARTAL 2018 - ISOLERT


  • Totalresultat 123 mill. kr (103 mill. kr)

  • Netto renteinntekter 211 mill. kr (212 mill. kr)

  • Resultat finansielle instrument 24 mill. kr (39 mill. kr)

  • Driftskostnader 106 mill. kr (110 mill. kr)

  • Tap på utlån 6 mill. kr (56 mill. kr)

  • Eigenkapitalavkastning 11,4 % p.a. (10,3 % p.a.)

  • Kjøp av utlånsportefølje i juni 2018 på 0,5 mrd. Kr


 

HOVUDLINJER PR. 2. KVARTAL 2018 (HITTIL I ÅR)

  • Totalresultat 220 mill. kr (192 mill. kr)

  • Netto renteinntekter 421 mill. kr (420 mill. kr)

  • Resultat finansielle instrument 32 mill. kr (39 mill. kr)

  • Driftskostnader 220 mill. kr (223 mill. kr)

  • Tap på utlån 14 mill. kr (69 mill. kr)

  • Eigenkapitalavkastning 10,2 % p.a. (9,8 % p.a.)


 

(Fjoråret i parantes)