Det vart eit nytt, solid tap for GHK-damene. Arkivfoto.

Solid tap for GHK-damene

Det har vore ein tøff sesong for damelaget til GHK og det gjekk som frykta då laget i dag møtte Fyllingen 2 til heimekamp. Fyllingen ligg på tredjeplass på tabellen, medan Gloppen ligg sist.

Det vart stygge tal til slutt, og bortelaget banka inn heile 48 mål før dommaren bles av  kampen. Det var 21 mål meir enn det heimelaget fekk inn og dermed står det 17 kampar utan poeng i protokollen.