Sigurd Reksnes, fylkesleiar i Senterpartiet i Sogn og Fjordane.

– Solid satsing på breiband

Senterpartiet og Venstre kappast om heideren for at fylkestinget denne veka vedtok midlar til vidare satsing på breiband. I to separate pressemeldingar melder begge partia om eit gledeleg gjennomslag.



– Senterpartiet fekk på fylkestinget i Sogn og Fjordane gjennomslag for ei solid satsing på breiband i fylket, skriv gruppeleiar for Senterpartiet Sigurd Reksnes i ei pressemelding.

Totalt vert det sett av 10 millionar ekstra i tillegg til dei nær 5 millionar som låg i framlegget.

– Dette er med å sikrar ei vidare utbygging av breiband i store delar av fylket vårt seier Reksnes.

– Breiband er i dag heilt avgjerande for busetnad og næringsutvikling. At Sogn og Fjordane fylkeskommune no går inn med 10 millionar ekstra er eit viktig tiltak for å sikre ei god utvikling i fylket vårt seier Reksnes.

– Utbygging av breiband er i dag like viktig som utbygging av elektrisk kraft var i si tid. Både folk flest og næringslivet har behov for digitale tenester og då må den digitale infrastrukturen vere på plass.

– At eit samrøystes fylkesting slutta seg til framlegget frå Sp, Ap, Krf, V, SV og MDG er positivt og viktig for fylket vårt avsluttar Reksnes.

Breiband og hurtiglading

I ei pressemelding frå Venstre si fylkestingsgruppe melder dei om Venstre-gjennomslag for breiband og hurtiglading.

– Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok i dag å løyve 10 millionar kroner ekstra til breibandsutbygging og 2 mill kr til å få fleire hurtigladestasjonar for elbil i Sogn og Fjordane, skriv partiet i meldinga.



- Venstre er svært glade for at eit samla Fylkesting i dag gjekk inn for desse løyvingane, som Venstre har gått i bresjen for og som vart røysta ned av fleirtalet på Fylkestinget i juni. Det seier Gunhild Berge Stang og Alfred Bjørlo i Venstre si fylkestingsgruppe.

- 10 millionar ekstra til breiband betyr at mange bygder i Sogn og Fjordane no kan få tilgang til høghastigheits breiband i løpet av kort tid. No har vi ein reell sjanse til å nå målet om full breibandsdekning til folk og næringsliv i Sogn og Fjordane innan utgangen av 2020. Det har vore ei kampsak for Venstre, seier Gunhild Berge Stang og Alfred Bjørlo.

Vil unngå «ladekø»

- Vi er også glade for at det no omsider kan bli meir fart på utbygginga av hurtigladestasjonar i Sogn og Fjordane, slik Venstre saman med Høgre og MDG tok initiativ til på Fylkestinget i juni 2019.

– Med den raske utskiftinga av bilparken som no er på gang, og nye elbilar med stadig lenger rekkevidde, er det viktig at elbil kan bli eit fullgodt alternativ også i distrikta. Sogn og Fjordane har i dag berre knapt 70 hurtigladestasjonar. Vi må opp i om lag 200 ladestasjonar innan 2025 for at folk skal ha god tilgang til hurtiglading over heile fylket, og unngå «ladekø» der det er mest trafikk, seier Berge Stang og Bjørlo i Venstre si fylkestingsgruppe.

- Venstre vil også i nye Vestland fylke vere ein pådrivar for å fullføre det store løftet som no er på gang for å gi tilgang til breiband for alle, og for å gjere transporten på Vestlandet utsleppsfri innan 2030, seier Gunhild Berge Stang og Alfred Bjørlo, som begge skal representere Venstre på fylkestinget også i Vestland fylke dei neste fire åra.