Heim   >   Fylket   >   Solid resultatforbetring for SFE

Solid resultatforbetring for SFE

Førebels rekneskap viser at Sogn og Fjordane Energi (SFE) fekk eit resultat etter skatt i 2018 på 286 millionar kroner. Det er ein auke på 92 millionar frå året før. Revisor har ikkje revidert rekneskapen. Styret skal handsame endeleg rekneskap i styremøte 26. mars.

Det er i all hovudsak produksjonsverksemda som i 2018 bidreg til den betydelege resultatauken for SFE-konsernet. Høgare kraftprisar på den nordiske kraftbørsen, kombinert med høg kraftproduksjon, bidreg sterkt til auken på 92 millionar kroner i resultat etter skatt.

– Ein svært våt haust etterfølgde ein tørr sommar, og gjorde sitt til at produksjonsmengda var høg i ein periode med høgare prisar enn det har vore dei seinare åra. I fleire av vassdraga var det viktig å produsere mykje i denne perioden for å unngå flaumsituasjonar, seier konsernsjef Johannes Rauboti i ei pressemelding.

Lågare resultat for nett

Den andre store verksemda i konsernet, SFE Nett, leverte noko lågare resultat i 2018.

– Enkelte tenkjer kanskje at høg nettleige gir høgare resultat, men slik er det ikkje. Den høge nettleiga reflekterer høge kostnader med å drifte nettet i området vårt, med mykje kraftproduksjon og relativt sett mange meter nett per kunde. Derfor har vi aktivt jobba for ei meir rettferdig fordeling av nettleiga nasjonalt, seier Rauboti.

Investerer for vekst

Dei seinare åra har SFE investert mykje i både nytt nett og ny kraftproduksjon, og med 515 millionar kroner i investeringar var 2018 ikkje noko unntak. SFE starta utbygginga av Jølstra Kraft saman med Sunnfjord Energi, og er frå før godt i gang med utbygginga av Østerbø kraftverk i Høyanger. Samstundes er konsernet medeigar i vindkraftprosjekt i Selje, Bremanger og Fjaler.

– Sogn og Fjordane er eit av dei viktigaste områda for produksjon av fornybar energi i Noreg. Vi har stor tru på at lokal eigarskap og engasjement er viktig i forvaltninga av desse fantastiske naturressursane. Vi er heldige å ha fleire spennande prosjekt for hand, både innan vatn og vind, og ein organisasjon som er svært godt rusta til å utvikle desse til det beste for eigarane og fellesskapet, seier Rauboti.

 

Bakgrunnsinformasjon: Nøkkeltal og utbyttefordeling

 

Nøkkeltal (mill. kr.): 2018: 2017:
Driftsinntekter 1 681 1 287
Driftsresultat 571 379
Resultat før skatt 513 365
Resultat etter skatt 286 193