Heim   >   Nyhende   >   Solberg vil sjå på kostnad ved elferjer

Ladestasjon og ferje ved kai på sambandet Anda-Lote. Foto: Karoline Riise Kristiansen/ NPK.

Solberg vil sjå på kostnad ved elferjer

Regjeringa vil gå gjennom om støttebeløpet til nye lågutsleppsferjer er høgt nok, sa statsminister Erna Solberg (H) i Stortingets spørjetime onsdag.

I fleire kystfylke har det den siste tida vore heftige protestar mot auka ferjeprisar frå nyttår. Eit viktig element i debatten har vore overgangen til el- og lågutsleppsferjer.

– Regjeringa har bidrege til auka kostnader for kystfylka gjennom endring av inntektssystemet og ved ikkje å ta meirkostnaden knytt til overgangen til elferjer, sa Senterpartiet sin parlamentariske leiar Marit Arnstad.

Ho bad Solberg avklare om regjeringa vil ta den auka kostnaden ved overgang til elferjer.

– Dei er ikkje på 100 millionar, som statsministeren har sagt i ein tidlegare spørjetime. Dei er iallfall 500 millionar, sa Arnstad.

Solberg viste til at regjeringa vil gå gjennom vilkåra som låg til grunn for anslaget om at 100 millionar ville dekkje ekstrakostnaden ved overgang til grønare ferjer.

– Det var basert på ein reell, fagleg gjennomgang av anboda. Då såg ein på kva som var meirkostnaden knytt til det å vere ei el- eller lågutsleppsferje, sa ho.

Solberg bad òg Sp om ikkje å springe frå ansvaret.

– Det er politikarane deira som har gjort desse vedtaka, sa Solberg, med tilvising til at Sp sit med makta i mange kystfylke.

(©NPK)