Heim   >   Nyhende   >   Sol og varme i vente over heile landet

Det kan bli fullt på Sørenga i Oslo neste veke. Då er det venta temperaturar opp mot 25 grader. Temperaturane er venta å stige over heile landet, og den verste nedbøren ser ut til å ha tatt ein pause – inntil vidare. Illustrasjonsfoto: Håkon Mosvold Larsen/NTB scanpix/NPK.

Sol og varme i vente over heile landet

Til helga vil lågtrykk bli bytt ut med høgtrykk i store delar av landet, og sommartemperaturane kjem krypande. I Sør-Noreg blir det meldt opp mot 25 grader.

Sjølv om kalenderen viser juli månad har eit ustabilt vêr og fråværet av ordentleg sol skapt frustrasjon hos mange nordmenn så langt i sommar.

Natt til onsdag denne veka vart forhåpentlegvis botnnivået nådd. Då vart det sett heile tre nye fylkesrekordar for minimumstemperatur for juli. På Juvasshøe i Oppland vart det målt 6,4 minusgrader. På Storhornet i Trøndelag vart det målt 4,5 minusgrader, medan det vart målt 2,7 minusgrader ved det ustabile fjellet Mannen i Møre og Romsdal.

Mot slutten av helga og utover neste veke ser det likevel ut til å snu. Eit høgtrykk ved Grønland er nemleg på veg mot den norske kysten.

– Ja, det er slik at høgtrykket sig roleg austover, og frå måndag av vil det legge seg slik at det dekkjer heile Skandinavia. Det vil bli slutt på påfyll av stadig meir kald nordavind. I staden blir det rolege vindforhold, mykje sol og etter kvart litt sørlege luftmassar, seier meteorolog Camilla Albertsen i StormGeo til VG.

Stigande temperaturar i heile landet

Frå og med neste veke vil temperaturane stige opp mot 25 grader på Sør- og Austlandet. På Vestlandet og i Midt-Noreg vil folk òg kunne glede seg over varmare temperaturar, med opp mot 20 grader frå og med måndag av.

Førre månad vart den åttande våtaste junimånaden på over 100 år, og verst gjekk det utover Lurøy kommune på Helgelandskysten i Nordland. Der kom det 91,2 millimeter regn på berre eitt døgn. Lågtrykket som har prega Helgelandskysten flyttar seg likevel no austover, og i Nordland blir det venta no opphaldsvêr med temperaturar mellom 16 og 20 grader.

Også i Troms og Finnmark blir vêret betre, og allereie frå søndag av kan det bli opp mot 20 grader i store delar av begge fylka.

Fleire fjellovergangar opne igjen

Minusgrader, snøvêr og vanskelege køyreforhold har skapt ein del trøbbel på fleire fjellovergangar dei siste dagane.

Fylkesveg 55 over Sognefjellet var i periodar stengt både tysdag og onsdag. Torsdag morgon opna vegen igjen, og sjølv om det framleis kan vere nokre glatte parti over toppen av fjellovergangen, melder Meteorologisk institutt at det verste snøvêret no har gitt seg.

Gamle Strynefjellsveg, fylkesveg 258 mellom Oppland og Sogn og Fjordane, er likevel framleis stengd på grunn av vanskelege køyreforhold. Også fylkesveg 243 over Aurlandsfjellet i Sogn og Fjordane har vore stengd på grunn av dei vanskelege køyreforholda, men opna igjen torsdag. (©NPK)