Søkjer permisjon frå politiske verv

Kommunestyrerepresentant og gruppeleiar for Jølster Høgre, Andres Kristian Sægrov, søkjer fritak for politiske verv frå no og ut året.

Søknaden blir grunngjeven med at Sægrov skal ta meisterbrev som deltidsstudium, noko som vil ta om lag to dagsverk for veka. Med totalt 15 politiske møte i perioden september-desember, vil dette ta eitt dagsverk for veka, inkludert førebuingar, gruppemøte osv.

– Dette blir ei for stor totalbelasting, og eg er komen i ein situasjon der eg må prioritere, skriv representanten som også peikar på at han driv eit firma med tolv tilsette og at familiesituasjonen tilseier at det blir lite rom for studiar og arbeid på kveldstid.