Heim   >   Fylket   >   Søkjer designar for nytt fylkesordførarkjede

Fylkesordførarkjeda Sogn og Fjordane har i dag. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Søkjer designar for nytt fylkesordførarkjede

Hordaland og Sogn og Fjordane inviterer profesjonelle kunsthandverkarar eller designarar til utforming av nytt fylkesordførarkjede og møteklubber til Vestland fylkeskommune.

Det skal vere ei open prekvalifisering, der profesjonelle kunstnarar kan vere med. I første omgang skal dei melde si interesse ved å skrive nokre ord og sende inn CV-en sin. Dei skal ikkje sende inn designforslag i denne omgang. I tillegg til ordførarkjede, skal den som får oppdraget, òg lage design for møteklubbene til det nye fylket.

Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar har rikt utsmykka og symboltunge fylkesordførarkjeder i dag. Det er viktig å få fram kva den nye kjeda skal symbolisere for den nye fylkeskommunen. Det skal vere eit smykke som representerer Vestland fylkeskommune på ein god måte, skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding.