Heim   >   Lokalt   >   Jølster   >   Søk i Jølstravatnet er utsett

Eit jordras sperrar fylkesveg 451 i Jølster Foto: Audun Braastad/NTB scanpix/NPK.

Søk i Jølstravatnet er utsett

Søket med fjernstyrt undervassfarkost (ROV) etter mannen i 50-åra som er antatt omkomen etter raset i Jølster, er utsett, opplyser politiet.

Innsatsleiar Simen Brænd seier til NTB at søket som etter planen skulle starte klokka tolv, er utsett sidan vegen er stengt.

– Vi ventar på ROV som kjem frå Bergen. Vegen er stengd, så vi veit ikkje når han er her, seier han.

Farkosten skal gjere undersøkingar på staden, men ifølgje innsatsleiaren er det mykje sand, jord og leire i vatnet, så det kan ta tid før søka kjem i gang.

– Det kan hende vi får søkt i kveld, men det kan òg hende at søket blir utsett til i morgon, held han fram.

Politiet gjorde onsdag søk frå lufta etter mannen i 50-åra som er meldt sakna, etter at ein bil vart tatt av jordskredet over fylkesveg 451 ved Årnes tysdag. (©NPK)