Sogn og Fjordane vann kampen om kraftaksjane




Sogn og Fjordane tingrett har slått fast at fylkeskommunen kan overdra aksjar i SFE til kommunane i Sogn og Fjordane utan at dette vil utløyse forkjøpsrett for BKK, som er Vestlandets største kraftselskap.


Sogn og Fjordane fylkeskommune eig den største aksjeposten i Sogn og Fjordane Energi (SFE) gjennom selskapet SF Holding. Fylkeskommunen har gått til søksmål mot BKK, den nest største eigaren i SFE, for å få avklart om BKK vil ha forkjøpsrett ved ei eventuell overføring av aksjane i SF Holding når Sogn og Fjordane vert slått saman med Hordaland.


Tingretten har no slått fast at det ikkje vil utløyse forkjøpsretten til BKK om fylkeskommunen vel å overføre aksjane til kommunane i Sogn og Fjordane. BKK vart dømd til å betale fylkeskommunen sine sakskostnader. (©NPK)


Følling er nøgd

Fylkesordførar Jenny Følling har arbeidd mykje med spørsmålet om å bevare mest mogeleg av SFE-verdiane der dei bli skapte, nemleg i Sogn og Fjordane. Ho er svært nøgd med dommen som ho meiner er som venta.
– Vi meiner det er ein god dom og det er ein klar dom i den forstand at BKK er dømde til å betale sakskostnader. Dette er også ein veldig viktig dom som er avgjerande for om vi skal gå for dette sporet når det gjeld framtida til SFE-aksjane. Vi kan nemleg ikkje setje i gang ein prosess med å dele ut aksjane før vi har avklara spørsmålet om forkjøpsrett, seier Følling.
– BKK vurderer å anke, kva tenkjer du om det?
– Om det har eg ikkje anna å seie enn at vi får av vente kva som skjer. Eg føreheld meg så langt til dommen, og så får vi sjå.