Sofia til Glopperock

Sofia Hyttedalen, 17 år frå Sandane, har skrive musikk frå ho var ganske lita, og har produsert dei fleste låtane så langt. I august opptrer ho på heimebane på Glopperock.

Ho har gått vegen frå UKM til Draumestipend, til Lutt-pris for ungt talent, til P3-listing og Malakoff.

Sofia er mest kjend for å ha skrive tekst og melodi på Coucheron-låta «Loud», der ho også syng vokalen. Låta er strøyma 1,5 millionar gonger på Spotify.

17-åringen er kjend for å ha ei modig stemme i tekstane sine, og ei klar og rein stemme som verkeleg treffer deg som høyrer. Sofia meiner noko og vil noko.

Ho samarbeider med dyktige artistar og produsentar i Oslo, og jobbar for tida mykje i studio med låtskriving. Målet er å gje ut ny eigen musikk i sommar!

I tillegg til Sofia skal Vilde og Anna og Halie spele under Glopperock ungdomskonsert i kultursalen Trivselshagen torsdag 23.august. Arrangør er Gloppen Musikkforum.