Heim   >   Nyhende   >   Snus er mindre farleg enn vi trur

Foto: Erlend Aas/NTB scanpix.

Snus er mindre farleg enn vi trur

Ein studie frå Folkehelseinstituttet viser at nordmenn trur snus er 20 prosent mindre farleg enn røyk. Medisinske ekspertar har eit anslag på 90 prosent.

Karl Erik Lund og kollega Tord Finne Vedøy ved Folkehelseinstituttet har sett på forsking frå 2003 til 2018. I undersøkingane har eit representativt utval av befolkninga vurdert skadepotensialet av tobakksbruk på ein skala frå 1 til 7, der utvalet har estimert skade ved bruk av røyk til å vere 6,48 og snus 5,14. Med andre ord trur nordmenn at det er 20 prosent mindre skadeleg å bruke snus enn sigarettar.

Målet med å opplyse om mindre skadeverknad for snus er å oppmuntre røykjarar til å nytte snus som alternativ. Snus gir ikkje nye tilfelle av kols, lungekreft og hjarte- og karsjukdomar.

Vedøy meiner det vil gi ein kollektiv helsegevinst, men erkjenner at det også kan føre til sjukdom når folk begynner å snuse.

Det vert i artikkelen understreka at det beste for folk si helse er å verken snuse eller røykje.

Det er om lag 500.000 som røykjer dagleg i Noreg. (©NPK)