Dei visste nok kva dei gjorde dei som bygde tuna på Hjelle.

Snøras på Hjelle

Det var rett etter kl. 15.00 at politiet melde om eit ras som hadde gått over vegen ved Hjelle i Breim. Raset er om lag 100 m breitt og nokre meter høgt.

Naudetatane vart sende til staden, men politiet melder at ingen er meldt sakna og at alle bebuarane i området er gjort greie for. Vegen til øvre Hjelle er stengd og det vil heller ikkje bli gjort noko for å opne den før i morgon.

Ikkje evakuering

På spørsmål om det er på tale med evakuering av husa på Hjelle, er svaret nei. Situasjonen blir sett på som trygg for busetnaden på staden.

- Evakuering har vore vurdert. Det blir ikkje sett på som nødvendig å evakuere no, men dette blir evaluert kontinuerleg etter som vêret eventuelt blir endå verre, seier innsatsleiar i politiet, Øystein Russenes.



Då meldinga om raset kom, vart det slege full alarm og mannskap både frå Raude Krossen, brann, politi, helse og redningshundar vart kalla ut.

- Vi kalla ut skredgrupper frå Stryn og Sogn, opplyser Russenes.



Gloppen kommune har fysisk sperra vegen ved rasstaden.

- Han blir stengd til i morgon - minst, opplyser innsatsleiaren.

Naudetatane vart sende til Hjelle etter at meldinga om raset kom.
Innsatsleiar Øystein Russenes.