Home   >   Nyhende   >   Snø og uvêr stenger fjellovergangar

Foto: Statens vegvesen/NTB scanpix.

Snø og uvêr stenger fjellovergangar

Fleire fjellovergangar i Sør-Noreg er stengde på grunn av snø og vanskelege køyreforhold.

Gamle Strynefjellsveg, fylkesveg 258, er stengt på grunn av vanskelege køyreforhold, medan fylkesveg 243 Aurlandsfjellet er stengt på grunn av uvêr.

Også på riksveg 7 over Hardangervidda er det snø, men her er vegen open.

– Folk må rekne med å møte på snø eller stengde fjellovergangar dersom dei skal til fjells, seier statsmeteorolog Kristin Seter til NRK.

Dei neste dagane kan det falle snø ned mot 1.000 meter, men snøgrensa ser ut til å krype opp mot 1.400 meter før helga, ifølgje meteorologen. (©NPK)